Ryfylke utdanningssenter har kontorplass saman med Ryfylke IKS på Hjelmeland. Sjølve utdanningane har studiestad på ulike lokasjonar rundt om i regionen – sånn at det skal vere lett fordeg å ta utdanning.
Ryfylke; utdanning der du bur
Målet er å gjera det mogleg å ta høgare utdanning lokalt, kombinert med arbeid og familieliv. Slik at du kan bu her som du høyrar til.
Oppdag meirStudietilbod i Ryfylke
Det er eit behov for ulik kompetanseheving og fornying av kompetanse i Ryfylke. Som utdanningssenter har me difor utarbeida ei rekke studietilbod spissa mot behovet for kompetanse i det lokale arbeidslivet i Ryfylke. Under kan du sjå dei studietilboda som er pågåande (desse kan du ikkje søkje på), dei som er ferdige samt nye tilbod som kjem på sikt (nokre av desse kan du allereie søkje på).
-
Grønn logistikk og samhandling
Fagskuleutdanning i berekraftig logistikk og framtidas vareflyt. Grøn logistikk og samhandling er ei moderne og praktisk retta fagskuleutdanning for deg som ønskjer kompetanse innan logistikk, berekraft og digitalisering. Studiet gir kunnskap om korleis varer flyt i ver…
-
Blå åker – Desentralisert høgare utdanning i havbruk og akvakultur
Blå åker er ei praksisnær utdanning retta mot havbruksnæringa. Studiet gir brei kompetanse om akvakultur, teknologi, drift og berekraftig sjømatproduksjon. Utdanninga blir gjennomført i samarbeid med Høgskulen på Vestlandet (HVL), og er bygd på Ryfylkemodellen — med fle…
-
Entreprenørskap og grønt mangesysleri
Entreprenørskap og grønt mangesysleri er eit praksisnært og fleksibelt studium for deg som vil utvikle eigen verksemd eller skape nye moglegheiter i grøne næringar. Utdanninga kombinerer bedriftsutvikling, økonomi og marknadsføring, med arbeid på eigne prosjekt og samli…
Saknar du noko?
Me vil høyre frå deg om det er noko du saknar i utvalet av utdanningar. Vårt utdanningstilbod er laga saman med arbeidslivet lokalt i Ryfylke og skulane som tilbyr studiar og emne innan høgare utdanning og fagskule. Om du saknar noko, tek me gjerne ein prat om kva me kan tilby framover innan desentralisert utdanning!
Hald deg oppdatert
Det skjer mykje spanande hos oss om dagen. Her finn du aktuelle nyheiter knytt til Ryfylke utdanningssenter.
-
Evaluering av fleksibel og distriktsvennlig Bachelor i sykepleie i Ryfylke
Ein fersk evalueringsrapport viser at den fleksible og distriktsvennlege bachelorutdanninga i sjukepleie har hatt stor verdi for Ryfylke. Tilbodet har gjort høgare utdanning tilgjengeleg for nye grupper, og mange av studentane seier at dei ikkje kunne tatt utdanning uta…
Les meir -
Kompetansebehov i arbeidslivet – Rapport frå Kompetansepilot Ryfylke
Å kartleggja kompetansebehov hos arbeidslivet er eit av delprosjekta i Kompetansepilot Ryfylke, og denne rapporten er ein gjennomgang av funn og erfaringar som er gjort.
Les meir
Samarbeid og regionale satsingar i Ryfylke
I Ryfylke er det viktig at me arbeider mot felles mål og at me dreg i lag. Ryfylke IKS er ein regional utviklingsaktør som arbeider med samarbeid og felles satsingar i Ryfylke. Gjennom prosjekt og initiativ innan næringsutvikling og samfunnsutvikling bidreg Ryfylke IKS til å styrkje Ryfylke som ein attraktiv og berekraftig region. Her kan du lese meir om nokre av prosjekta og verksemdene Ryfylke IKS er knytt til.
-
Kompetanse og arbeidskraft
Ryfylke står for ein vesentleg del av verdiskapinga i Rogaland og vil trenge meir kompetanse og arbeidskraft…
-
Ungdom
Ryfylke satsar på tiltak som som gjer Ryfylke meir attraktiv for ungdommen.
-
Ryfylkekonferansen – Arena MOR
Konferansen for alle som er opptatt av og nysgjerrige på utviklinga av Ryfylke.
-
Offenteleg-privat samarbeid
Ryfylke IKS har fleire offentleg-privat samarbeidsprosjekt.
Ofte stilte spørsmål
-
-
Ja. Me tilbyr utdanning i samarbeid med arbeidslivet lokalt i Ryfylke for å dekke eit reelt behov for kompetanse. På den måten tilbyr me utdanning som er tilpassa arbeidsmarknaden i Ryfylke.
-
Våre tilbod passar for deg som treng kompetanseheving i ein eller annan forstand. Me har tilbod for deg som skal byrje på studielivet, men vel så viktig til deg som treng påfyll eller formalisering av kompetanse. Me er her for at Ryfylke skal vere ein plass å bu og arbeide – med rett kompetanse i botn.
-
Under utdanningssidene finn du informasjon om korleis du kan søke. Det varierer litt frå studie til studie, men hovudregelen er at du søker direkte hjå skulane. Me viser deg rett veg til søknaden!
Vil du vita meir?
Me prøver å halde nettsidene våre så oppdaterte som mogleg, men viss du likevel lurer på noko er du velkommen til å ta direkte kontakt med oss. Me er eit team på 4 personar som arbeider med utdanning i Ryfylke, og vil hjelpe deg så godt me kan!