Skip to main content

Oppdag meir!

Her finn du oversikt over kven vi er, kva vi arbeider med og korleis vi legg til rette for desentralisert utdanning, rekruttering og kompetanseutvikling i regionen.
Målet vårt er å styrkja både arbeidslivet og lokalsamfunna gjennom kunnskap, samhandling og utdanningstilbod som er tilpassa behova i regionen.

Turgåar med ryggsekk og hund på fjellrygg i skumring.

Regionalt kompetanse- og utdanningssenter

Ryfylke utdanningssenter legg til rette for desentralisert og fleksibel fagskule- og høgare utdanning. Senteret er eigd av Rogaland fylkeskommune og kommunane Sauda, Suldal, Hjelmeland og Strand.

Vi arbeider for å styrkja kompetansen i regionen gjennom utdanningstilbod som er tilpassa behova i næringslivet og offentleg sektor. I tett samarbeid med arbeidsliv, kommunar og utdanningsinstitusjonar utviklar vi relevante og framtidsretta studietilbod som gjer det mogleg å ta høgare utdanning lokalt, kombinert med arbeid og familieliv.

Som ein møteplass for utdanning og kompetanseutvikling legg vi til rette for både faglege og sosiale fellesskap. Vi arbeider aktivt for å skapa gode studentmiljø, byggja relasjonar og styrkja samarbeid på tvers av kommunar, fagmiljø og arbeidsliv. Slik bidreg vi til attraktive lokalsamfunn, auka verdiskaping og eit kompetent arbeidsliv i heile Ryfylke.

Samarbeid med lokale bedriftar

Me samarbeider tett med både næringsliv og kommunar for å utvikla relevante og framtidsretta utdanningstilbod som svarar på kompetansebehova i regionen. Gjennom samarbeid med lokale verksemder får me verdifull innsikt i kva kompetanse som trengst i dag og i framtida, noko som gjer det mogleg å skapa utdanningstilbod som treff arbeidslivet sine behov.

Me er opptekne av at gode samarbeid ikkje handlar om storleik. Både små og store verksemder sit på viktig kunnskap om kompetansebehov og utvikling i regionen.

Ønskjer di bedrift eller verksemd å bidra til å forma framtidas kompetansetilbod i Ryfylke? Me tek gjerne ein prat om korleis me kan samarbeida.

Styret

Styret har det overordna ansvaret for verksemda til Ryfylke utdanningssenter. Styret skal bidra til at senteret arbeider i tråd med eigarane sine mål og samfunnsoppdrag, og sikre ei forsvarleg drift og god utvikling av verksemda.

Styret behandlar overordna strategiar, planar og økonomi, og fører tilsyn med dagleg leiar og den daglege drifta. Gjennom sitt arbeid skal styret bidra til at Ryfylke utdanningssenter er ein sterk pådrivar for kompetanseutvikling, utdanning og regional utvikling i Ryfylke.

Representantskapet

Representantskapet er Ryfylke utdanningssenter sitt øvste styringsorgan og består av representantar frå eigarkommunane og Rogaland fylkeskommune.

Representantskapet fastset dei overordna rammene for verksemda og tek stilling til sentrale saker som budsjett, rekneskap, selskapsavtale og val av styre. Gjennom sitt arbeid skal representantskapet sikre at Ryfylke utdanningssenter utviklar seg i tråd med eigarane sine mål og behov, og bidreg til kompetanseutvikling og regional utvikling i Ryfylke.

Rådet består av: 

Leiar: Mads Drange, Suldal kommune

Nestleiar: Svein Erik Indbjo, Rogaland fylkeskommune

Medlem: Paul Løyning, Sauda kommune

Medlem: Gaute Hauge, Hjelmeland kommune

Medlem: Irene Heng Lauvnes, Strand kommune

Om kommunane i Ryfylke

Rogaland fylkeskommune og kommunane Sauda, Suldal, Hjelmeland og Strand står saman om Ryfylke utdanningssenter. Gjennom samarbeid legg eigarane til rette for tilgang til utdanning, kompetanseutvikling og regional verdiskaping i Ryfylke.

Vil du vita meir?

Me prøver å halde nettsidene våre så oppdaterte som mogleg, men viss du likevel lurer på noko er du velkommen til å ta direkte kontakt med oss. Me er eit team på fire personar som arbeider med utdanning i Ryfylke, og vil hjelpe deg så godt me kan!

Ofte stilte spørsmål

  • Ryfylke utdanningssenter har kontorplass saman med Ryfylke IKS på Hjelmeland. Sjølve utdanningane har studiestad på ulike lokasjonar rundt om i regionen – sånn at det skal vere lett fordeg å ta utdanning.

  • Ja. Me tilbyr utdanning i samarbeid med arbeidslivet lokalt i Ryfylke for å dekke eit reelt behov for kompetanse. På den måten tilbyr me utdanning som er tilpassa arbeidsmarknaden i Ryfylke.

  • Våre tilbod passar for deg som treng kompetanseheving i ein eller annan forstand. Me har tilbod for deg som skal byrje på studielivet, men vel så viktig til deg som treng påfyll eller formalisering av kompetanse. Me er her for at Ryfylke skal vere ein plass å bu og arbeide – med rett kompetanse i botn.

  • Under utdanningssidene finn du informasjon om korleis du kan søke. Det varierer litt frå studie til studie, men hovudregelen er at du søker direkte hjå skulane. Me viser deg rett veg til søknaden!