Grøn logistikk og samhandling er ei fagskuleutdanning utvikla i samarbeid mellom Fagskolen Rogaland og Ryfylke utdanningssenter, i tett dialog med regionalt næringsliv. Utdanninga er etablert for å møte eit aukande behov for kompetanse innan logistikk, samhandling og berekraft i både privat og offentleg sektor.

Logistikk spelar ei sentral rolle i moderne verdikjeder, og omfattar planlegging og styring av vareflyt, transport, produksjon og informasjonsstraumar. Endringar knytte til grøn omstilling, digitalisering og effektiv ressursbruk stiller nye krav til kompetanse i arbeidslivet.

Behovet for logistikkkompetanse er særleg stort innan  transport og vareflyt,  industri og produksjon,  berekraftige og sirkulære verdikjeder og  digitalisering og automatisering av logistikkprosessar.

Studiet er ein del av satsinga på å tilby relevant og framtidsretta fagskuleutdanning regionalt, med støtte frå Ryfylkefondet og i samarbeid med lokalt næringsliv.

Utdanninga passer for

  • Tilsette innan transport-, logistikk-, lager-, produksjons- og industriverksemd

  • Personar som arbeider med planlegging, koordinering eller styring av vareflyt, lagerdrift eller forsyningskjeder

  • Tilsette i privat og offentleg sektor som har ansvar for eller ønskjer kompetanse innan berekraft, effektiv ressursbruk og grøn omstilling

  • Personar som ønskjer å styrkje kompetansen sin innan logistikk, samhandling og digitalisering

  • Deg som ønskjer å vidareutvikle kompetanse ved sidan av jobb, gjennom eit deltids- og samlingsbasert studium

Organisering

  • Deltidsstudium over to år (fire semester)

  • Samlingsbasert undervisning i Ryfylke, kombinert med nettbasert undervisning

  • Praktisk og arbeidslivsnær tilnærming

  • Det er lagt opp til to – tre samlingar per modul.  Nøyaktige dagar vil bli tilpassa studentgruppa.
    Oppmøte til eksamen kjem i tillegg.

Du kan ta utdanninga som enkelt­emne. Beståtte emne gir karakterutskrift, og emna kan seinare byggjast vidare til full fagskulegrad.

Opptaksrav

  • Fullført vidaregåande opplæring
    eller
  • Realkompetansevurdering

Les meir på fagskulen sine sider.

Målet for utdanninga

Du skal:

  • forstå grunnleggjande logistikk og verdikjeder
  • lære korleis digitale verktøy og robotisering kan effektivisere logistikk
  • få kunnskap om berekraft, sirkulærøkonomi og grøne transportløysingar
  • utvikle ferdigheiter i samarbeid, samhandling og leiing av logistikkprosessar
  • kunne bidra til endring, effektivisering og innovasjon i eigen arbeidsplass

Praktisk informasjon

Studiepoeng: 60

Startdato: Haust 2025

Studieomfang: Deltid, to år

Undervisningsstad: Samlingsbasert i Ryfylke. I tillegg blir det noko nettundervisning.

Studentavgift: Ingen

Søknadsfrist: Vår 2025.
Løpande opptak ved ledige plassar.

Fagskolen Rogaland

Studiet blir tilbydd av Fagskolen Rogaland, med Ryfylke utdanningssenter og lokal næring som lokal tilretteleggjar og samarbeidspartnar.

Logistikk er kunnskap om å planleggja, administrera og organisera vare-, personell og informasjonsstraum, og er dermed eit viktig tannhjul i samfunnsmaskineriet. Innovasjonstakten er høg i dette segmentet. Auka kompetanse her vil bidra til at næringsliv og det offentlege stiller sterkare i møte med framtidas utfordringar.

Alt om studiet

Emner

  • Innføring i logistikk – 15 studiepoeng (haust 2025)

  • Digitalisering og robotisering – 15 studiepoeng (vår 2026)

  • Økonomi og sirkulærøkonomi – 15 studiepoeng (haust 2026)

  • Transport og distribusjonsleiing – 5 studiepoeng (vår 2027)

  • Hovudprosjekt med fordjuping – 10 studiepoeng (vår 2027)

Studieplanen finn du her:
Studieplan grøn logistikk – 60 studiepoeng (2).pdf (PDF, 383 kB)

Trainee Ryfylke

Trainee Ryfylke er eit program som koplar nyutdanna med arbeids-givarar i regionen. Gjennom eitt år i ei relevant bedrift får traineen verdifull erfaring og nettverk. Samtidig får verksemder tilgang til ny kompetanse og moglegheita til å rekruttere.

Nyfiken?

Me prøver å halde nettsidene våre så oppdaterte som mogleg, men viss du likevel lurer på noko er du velkommen til å ta direkte kontakt med oss. Me er eit team på fire personar som arbeider med utdanning i Ryfylke, og vil hjelpe deg så godt me kan!

Ofte stilte spørsmål

  • Ryfylke utdanningssenter har kontorplass saman med Ryfylke IKS på Hjelmeland. Sjølve utdanningane har studiestad på ulike lokasjonar rundt om i regionen – sånn at det skal vere lett fordeg å ta utdanning.

  • Ja. Me tilbyr utdanning i samarbeid med arbeidslivet lokalt i Ryfylke for å dekke eit reelt behov for kompetanse. På den måten tilbyr me utdanning som er tilpassa arbeidsmarknaden i Ryfylke.

  • Våre tilbod passar for deg som treng kompetanseheving i ein eller annan forstand. Me har tilbod for deg som skal byrje på studielivet, men vel så viktig til deg som treng påfyll eller formalisering av kompetanse. Me er her for at Ryfylke skal vere ein plass å bu og arbeide – med rett kompetanse i botn.

  • Under utdanningssidene finn du informasjon om korleis du kan søke. Det varierer litt frå studie til studie, men hovudregelen er at du søker direkte hjå skulane. Me viser deg rett veg til søknaden!