Utdanninga møter eit aukande behov for praksisnær kompetanse innan entreprenørskap og næringsutvikling i landbruk, lokalmat, reiseliv og bygdenæringar.

Studiet gir kunnskap og ferdigheiter i å utvikle og vidareutvikle verksemd, frå idé til berekraftig verdiskaping, og passar både for etablerte aktørar og for dei som ønskjer å starte nye næringar basert på eigne ressursar.

Erfaringane frå pilotkullet viser stor interesse og god gjennomføring. Studiet blir derfor lyst ut på nytt som ein del av satsinga på desentralisert og arbeidslivsnær fagskuleutdanning i regionen.

Målet er å bidra til innovasjon, verdiskaping og livskraftige bygder i Rogaland og Ryfylke.

Utdanninga passar for

  • Gardsbrukarar, småskalaprodusentar og lokalmataktørar
  • Personar som vil utvikle nye produkt, tenester eller opplevingar i distrikta
  • jobbar med lokalmat, reiseliv eller opplevingsbaserte tenester
  • Tilsette i landbruk, foredlingsbedrifter eller grøne næringsmiljø
  • Personar som har ein idé og vil byggje kunnskap og nettverk for å realisere den

Organisering

  • Samlingsbasert undervisning i Ryfylke og regionen, kombinert med noko nettbasert undervisning
  • Tett kopling mellom teori og praksis
  • Tett samarbeid med næringsliv og fagmiljø
  • Det er lagt opp til to – tre samlingar per modul, til saman 12 samlingar på to år.

Omfang

60 studiepoeng (fire emne à 15 stp)

Opptakskrav

Opptak skjer gjennom Fagskolen Rogaland og krev:

  • relevant fagbrev eller vidaregåande opplæring

  • eller realkompetanse (relevant arbeidserfaring)

Dersom fagprøven ikkje er gjennomført ved søknadstidspunktet, kan det gjerast opptak på vilkår om bestått fagprøve innan 31.12 i opptaksåret (jf. kap. 2 i fagskoleforskrifta).

Les meir på fagskulen sine sider.

Kva sit du att med?

Etter fullført utdanning har du:

  • formell fagskulegrad (60 studiepoeng)

  • praktisk kompetanse i grøn næringsutvikling

  • verktøy for å utvikle berekraftige og lønsame verksemder

  • styrka evne til å nytte lokale ressursar på nye måtar

Praktisk informasjon

Studiepoeng: 60

Startdato: Hausten 2025

Studieomfang: Deltid, to år

Undervisningsstad: Samlingsbasert i Ryfylke

Studentavgift: Ingen

Søknadsfrist:
Løpande opptak ved ledige plassar. Sjå meir informasjon på Fagskulen sine sider.

Fagskolen Rogaland

Studiet blir tilbydd av Fagskolen Rogaland, med Ryfylke utdanningssenter og lokal næring som lokal tilretteleggjar og samarbeidspartnar.

Formålet med utdanninga er å gi innsikt i potensielle moglegheiter og ressursar knytte til eigen gard eller verksemd, og korleis desse kan nyttast i utvikling av nye og berekraftige næringar. Utdanninga er forankra i lokale og regionale behov, og gir kompetanse til å få meir verdiskaping ut av eksisterande råvarer og ressursar.

Alt om studiet

Emner

Studiet består av fire hovudemne:

Bedriftsøkonomi og leiing, haust, 15 stp.

Lokal foredling, haust, 15 stp.

Marknadsføring og kommunikasjon, haust, 15 stp.

Bedriftsutvikling og entrepenørskap, 15 stp.

Alle tema skal ha med seg element av berekraft, HMS og grøn omstilling.

For meir informasjon, sjå studieplanen for studiet her.

Ønskjer du meir informasjon

Ta kontakt med Utdanningssenteret i Ryfylke for rettleiing eller hjelp med søknadsprosessen.

Nyfiken?

Me prøver å halde nettsidene våre så oppdaterte som mogleg, men viss du likevel lurer på noko er du velkommen til å ta direkte kontakt med oss. Me er eit team på fire personar som arbeider med utdanning i Ryfylke, og vil hjelpe deg så godt me kan!

Ofte stilte spørsmål

  • Ryfylke utdanningssenter har kontorplass saman med Ryfylke IKS på Hjelmeland. Sjølve utdanningane har studiestad på ulike lokasjonar rundt om i regionen – sånn at det skal vere lett fordeg å ta utdanning.

  • Ja. Me tilbyr utdanning i samarbeid med arbeidslivet lokalt i Ryfylke for å dekke eit reelt behov for kompetanse. På den måten tilbyr me utdanning som er tilpassa arbeidsmarknaden i Ryfylke.

  • Våre tilbod passar for deg som treng kompetanseheving i ein eller annan forstand. Me har tilbod for deg som skal byrje på studielivet, men vel så viktig til deg som treng påfyll eller formalisering av kompetanse. Me er her for at Ryfylke skal vere ein plass å bu og arbeide – med rett kompetanse i botn.

  • Under utdanningssidene finn du informasjon om korleis du kan søke. Det varierer litt frå studie til studie, men hovudregelen er at du søker direkte hjå skulane. Me viser deg rett veg til søknaden!