Dei opprinelege settefiskanlegga har gått frå å væra anlegg med minimalt behov for teknologi, til komplekse prosessanlegg med behov for avanserte overvåkningssystem og kontinuerleg tilsyn. RAS–anlegg er eit anlegg som har installert vassbehandlingskomponentar som filtre for fjerning av partiklar som til dels fòrspel og avfallsstoff, og såkalla biofiltre eller biologiske filtre der ein ved hjelp av bakteriar omdannar skadelege stoff for fisken til stoff som fisken tåler betre. Denne teknologien gjer at næringa kan bruke store delar av vatnet i anlegget. (Historisk utvikling → Havbrukslære (havbrukslare.no)

Utdanninga passer for

  • Tilsette innan oppdrett, fiskeindustri og havbruk, særleg i landbaserte eller teknologitunge anlegg

  • Personar som arbeider med eller ønskjer ansvar for drift av RAS-anlegg, produksjon og tekniske system

  • Teknisk personell i privat eller offentleg sektor med behov for kompetanse innan vassbehandling, biosikkerheit, fiskehelse og produksjonsteknologi

  • Personar som arbeider med vedlikehald, automasjon, digitalisering eller overvaking av akvakultursystem

  • Leiarar, driftsansvarlege eller prosjektmedarbeidarar som treng betre forståing av samanhengen mellom biologi, teknologi og drift

  • Deg som ønskjer å byggje formell kompetanse ved sidan av jobb, gjennom ei fleksibel fagskuleutdanning

Organisering

Studiet er modulbasert, med samlingar primært i Ryfylke, og noko nettundervisning. Det er lagt opp til fleire samlingar per modul gjennom studietida, slik at du kan kombinere utdanning med jobb og praksis.

Opptaksrav

  • Fullført vidaregåande opplæring
    eller
  • Realkompetansevurdering, vurdert etter gjeldande regelverk
    (Dette er i tråd med standard fagskuleopptak.)

Målet for utdanninga

  • auka kunnskapen om RAS-teknologi og forståing for samspelet mellom fisken og vatnet (miljøet) den lever i.
  • bidra til å auka fokus på fiskehelse og velferd, og korleis digitale verktøy kan påverka og brukast for å skapa ei god etisk og berekraftleg akvakulturnæring i framtida.
  • bidra til kunnskapsdeling og kunnskapsutvikling med sikte på styrkja studentane sin kompetanse på området og å fremma samarbeid i næringa og mellom ulike interesser.
  • forstå korleis økonomi og reglar verkar inn på biologien og dei utfordringar som ligg i skillet mellom teori og praksis.

Praktisk informasjon

Studiepoeng: 60

Startdato: Haust 2025

Studieomfang: Deltid, to år

Undervisningsstad: Samlingsbasert i Ryfylke. I tillegg blir det noko nettundervisning.

Studentavgift: Ingen

Søknadsfrist: Vår 2025, og vår 2026.

Fagskolen Rogaland

Studiet blir tilbydd av Fagskolen Rogaland, med Ryfylke utdanningssenter og lokal næring som lokal tilretteleggjar og samarbeidspartnar.

RAS (Resirkulerande akvakultursystem) er eit fagskuletilbod på 60 studiepoeng som gjev grunnleggjande innsikt og anvendt kunnskap i biologiske, miljømessige og teknologiske prosesser som er sentrale i landbaserte oppdrettsanlegg.

Alt om studiet

Emner

Biologi, kjemi og fysiologi – 15 studiepoeng

    • Vasskjemi

    • Mikrobiologi og biofilter

    • Fiskefysiologi og fiskehelse

    • Samspel mellom fisk, miljø og teknologi

Robotisering og digitalisering– 15 studiepoeng

  • Automatisering og styringssystem

  • Sensorar og overvaking

  • Digital drift og databruk i RAS-anlegg

Oppdrettsteknologi – 15 studiepoeng

  • Teknisk oppbygging av RAS-anlegg

  • Vassbehandling, filterløysingar og sirkulasjon

  • Drift, vedlikehald og optimalisering

Sirkulærøkonomi, jus og HMS – 15 studiepoeng

    • Berekraft og ressursbruk

    • Regelverk og forvaltning

    • HMS, risikovurdering og driftstryggleik

For meir informasjon, sjå studieplanen her. (PDF, 629 kB)

Det er mogleg å ta utdanninga som enkelt­emne. Lers meir på Fagskulens nettside.

Trainee Ryfylke

Trainee Ryfylke er eit program som koplar nyutdanna med arbeids-givarar i regionen. Gjennom eitt år i ei relevant bedrift får traineen verdifull erfaring og nettverk. Samtidig får verksemder tilgang til ny kompetanse og moglegheita til å rekruttere.

Nyfiken?

Me prøver å halde nettsidene våre så oppdaterte som mogleg, men viss du likevel lurer på noko er du velkommen til å ta direkte kontakt med oss. Me er eit team på fire personar som arbeider med utdanning i Ryfylke, og vil hjelpe deg så godt me kan!

Ofte stilte spørsmål

  • Ryfylke utdanningssenter har kontorplass saman med Ryfylke IKS på Hjelmeland. Sjølve utdanningane har studiestad på ulike lokasjonar rundt om i regionen – sånn at det skal vere lett fordeg å ta utdanning.

  • Ja. Me tilbyr utdanning i samarbeid med arbeidslivet lokalt i Ryfylke for å dekke eit reelt behov for kompetanse. På den måten tilbyr me utdanning som er tilpassa arbeidsmarknaden i Ryfylke.

  • Våre tilbod passar for deg som treng kompetanseheving i ein eller annan forstand. Me har tilbod for deg som skal byrje på studielivet, men vel så viktig til deg som treng påfyll eller formalisering av kompetanse. Me er her for at Ryfylke skal vere ein plass å bu og arbeide – med rett kompetanse i botn.

  • Under utdanningssidene finn du informasjon om korleis du kan søke. Det varierer litt frå studie til studie, men hovudregelen er at du søker direkte hjå skulane. Me viser deg rett veg til søknaden!