Utdanninga passer for

  • Deg som ønskjer ein meiningsfull jobb der du gjer ein forskjell for andre

  • Deg som trivst med ansvar, samarbeid og tett kontakt med menneske

  • Tilsette i helse- og omsorgstenestene som ønskjer fagleg utvikling

  • Vaksne studentar og arbeidssøkarar som ønskjer ny kompetanse

  • Deg som vil ta utdanning lokalt og samstundes stå i jobb

  • For deg som bur i og utanfor Ryfylke

Organisering

  • Samlingsbasert studie i Ryfylke og regionen
  • Studiet er tilrettelagt for deg som bor i Ryfylke og ikkje kan møte dagleg på campus
  • Undervisning levert av Uis
  • Praktiske læringsarenaer og arbeidserfaring. Det meste av prakisen gjennomføres i kommunane i Ryfylke – i sykeheim, heimetenester, medisin og psykisk helse
  • Heimeeksamen og bachelorprosjekt i samarbeid med arbeidslivet

Opptakskrav

Denne utdanninga følgjer opptakskrava til UIS. Sjå link til UIS sine sider.

Kva kan du bli?

Med autorisasjon som sykepleier kan du blant anna jobba:

  • på sykeheim og i heimetenesta
  • innan psykisk helsevern og i bedriftshelsetenester
  • Sjukepleiarar kan arbeide innan rådgivingstenester, i Forsvaret, eller i utlandet, til dømes i ein hjelpeorganisasjon.

På sjukehus arbeider sjukepleiarar på alle typar avdelingar – mellom anna i akuttmottak, på sengepostar og i kirurgiske og medisinske avdelingar. I kommunane har sjukepleiarar eit stort ansvar innan helsetenesta, og dei har sentrale roller i sjukeheimar og i heimetenesta.

Praktisk informasjon

Studiepoeng: 180

Startdato: August 2026

Studieomfang: 3 år, heltid

Praksis: 50 % av studiet er i praksis

 

Søknadsfrist: Generell studiekompetanse: 15. april via samordna opptak.

1. mars for realkompetanse. Hugs å send inn søknad innan fristen.

Søknadportal opnar: 01. februar

Søk her

Universitetet i Stavanger

Det er Universitetet og Ryfylke utdanningssenter IKS som har utarbeida utdanninga. Innhaldet i utdanninga er praktisk retta og utvikla i dialog med næringa.

Helse står overfor fleire utfordringar i møte med rekruttering. Me treng deg!

Sykepleier

Bakgrunn

Bakgrunn

Utdanninga er utvikla i tett samarbeid mellom arbeidslivet og utdanningsinstitusjonar for å møte kompetansebehovet i helse- og omsorgstenestene. Bachelor i sjukepleie er ein del av satsinga på desentraliserte utdanningar i Ryfylke, med mål om lokal rekruttering, kompetanseheving og praksisnære læringsløp. Gjennom lokal gjennomføring blir utdanninga meir tilgjengeleg, samstundes som ho bidreg til berekraftige helsetenester i regionen.

Ønskjer du meir informasjon

Ta kontakt med Utdanningssenteret i Ryfylke for rettleiing eller hjelp med søknadsprosessen.

Ansvarleg for studiet:

Kristine Torgersen og Anne Kristine Sirnes

Nyfiken?

Me prøver å halde nettsidene våre så oppdaterte som mogleg, men viss du likevel lurer på noko er du velkommen til å ta direkte kontakt med oss. Me er eit team på fire personar som arbeider med utdanning i Ryfylke, og vil hjelpe deg så godt me kan!

Ofte stilte spørsmål

  • Ryfylke utdanningssenter har kontorplass saman med Ryfylke IKS på Hjelmeland. Sjølve utdanningane har studiestad på ulike lokasjonar rundt om i regionen – sånn at det skal vere lett fordeg å ta utdanning.

  • Ja. Me tilbyr utdanning i samarbeid med arbeidslivet lokalt i Ryfylke for å dekke eit reelt behov for kompetanse. På den måten tilbyr me utdanning som er tilpassa arbeidsmarknaden i Ryfylke.

  • Våre tilbod passar for deg som treng kompetanseheving i ein eller annan forstand. Me har tilbod for deg som skal byrje på studielivet, men vel så viktig til deg som treng påfyll eller formalisering av kompetanse. Me er her for at Ryfylke skal vere ein plass å bu og arbeide – med rett kompetanse i botn.

  • Under utdanningssidene finn du informasjon om korleis du kan søke. Det varierer litt frå studie til studie, men hovudregelen er at du søker direkte hjå skulane. Me viser deg rett veg til søknaden!