10 studiepoeng · Oppstart januar 2027

Jobbar du med barn og unge og ønskjer å bli tryggare i møte med utfordrande åtferd? Dette fagskuleemnet er for deg som vil styrkje kompetansen din og bruke det du lærer i eigen arbeidskvardag. Studiet blir tilbode av Fagskolen Rogaland i samarbeid med Ryfylke utdanningssenter og kommunane i regionen.

Dette lærer du

I dette emnet lærer du meir om:

    • kva som kan liggje bak utfordrande åtferd hos barn
    • korleis du kan førebyggje krevjande situasjonar
    • korleis du kan møte og støtte barn i slike situasjonar
    • korleis du kan bruke kunnskapen i eigen arbeidskvardag

Organisering

Undervisninga er nett – og samlingsbasert, og tilrettelagt for deg som bur i Ryfylke. Det blir lagt opp til ei fysisk samling.

Meir informasjon kjem.

Opptakskrav

Opptak skjer gjennom Fagskolen Rogaland og krev:

Bestått fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar.

Relevant bakgrunn for realkompetansevurdering kan vere arbeidserfaring som:

  • assistent i barnehage eller skule
  • anna arbeid med barn og unge

Les meir her: Informasjon om opptakskrav – Fagskolen Rogaland

Praktisk informasjon

Studiepoeng: 10

Startdato: Januar 2027

Studieomfang: Studiet er lagt opp slik at det kan kombinerast med jobb.

Undervisningsstad: Samlings – og nettbasert i Ryfylke

Studentavgift: Ingen

Søknadsfrist: 10. desember

Søk her

Fagskolen Rogaland

Fagskolen Rogaland tilbyr emnet. Ryfylke utdanningssenter samarbeider om å gjere tilbodet tilgjengeleg for studentar i regionen.

Har du spørsmål om emnet?
Ta kontakt med Kristine Torgersen ved Ryfylke Utdanningssenter.
E-post: kristine@ryfylkeutdanningssenter.no

Eit studium utvikla for Ryfylke

Behovet for meir kompetanse om barn som utfordrar er løfta fram av kommunane i Ryfylke. Ryfylke utdanningssenter har samla kommunane og Fagskolen Rogaland for å utvikle eit studietilbod som er relevant for tilsette i barnehage, skule og SFO.

Målet er å gjere det mogleg for fleire å styrkje kompetansen sin ved sidan av jobb, utan å måtte flytte frå regionen. Korleis studiet blir gjennomført, blir avklart i samarbeid med fagskulen og kommunane.

Studieplanen kjem snart.

Nyfiken?

Me prøver å halde nettsidene våre så oppdaterte som mogleg, men viss du likevel lurer på noko er du velkommen til å ta direkte kontakt med oss. Me er eit team på fire personar som arbeider med utdanning i Ryfylke, og vil hjelpe deg så godt me kan!

Ofte stilte spørsmål

  • Ryfylke utdanningssenter har kontorplass saman med Ryfylke IKS på Hjelmeland. Sjølve utdanningane har studiestad på ulike lokasjonar rundt om i regionen – sånn at det skal vere lett fordeg å ta utdanning.

  • Ja. Me tilbyr utdanning i samarbeid med arbeidslivet lokalt i Ryfylke for å dekke eit reelt behov for kompetanse. På den måten tilbyr me utdanning som er tilpassa arbeidsmarknaden i Ryfylke.

  • Våre tilbod passar for deg som treng kompetanseheving i ein eller annan forstand. Me har tilbod for deg som skal byrje på studielivet, men vel så viktig til deg som treng påfyll eller formalisering av kompetanse. Me er her for at Ryfylke skal vere ein plass å bu og arbeide – med rett kompetanse i botn.

  • Under utdanningssidene finn du informasjon om korleis du kan søke. Det varierer litt frå studie til studie, men hovudregelen er at du søker direkte hjå skulane. Me viser deg rett veg til søknaden!