15 studiepoeng · Oppstart våren 2027

Vil du bli betre til å sikre og utvikle kvaliteten i verksemda di? Kvalitetsstyring er eit fagskuleemne på 15 studiepoeng for deg som ønsker kompetanseheving innan prosessar, rutinar, dokumentasjon eller forbetring. Du lærer å setje kvalitetsmål, følgje opp krav, avdekkje avvik og bruke erfaringar til å gjere arbeidet betre. Emnet er relevant på tvers av bransjar.

 

Studiet blir tilbydd i Ryfylke gjennom eit samarbeid mellom Ryfylke utdanningssenter og Fagskolen Rogaland.

Studiet er ein del av satsinga på å tilby relevant og framtidsretta fagskuleutdanning regionalt i samarbeid med lokalt næringsliv.

Dette lærer du

I emnet får du kunnskap om:

  • kva kvalitet betyr i praksis, og korleis ein set mål for kvalitetsarbeidet
  • kvalitetskontroll, revisjonar og oppfølging av avvik
  • regelverk, krav og standardar, mellom anna ISO 9001
  • risikoanalysar og dokumentasjon av arbeidsprosessar
  • styringssystem og metodar for kontinuerleg forbetring

Du arbeider med praksisnære oppgåver og lærer å bruke verktøy og prosedyrar som kan hjelpe ei verksemd med å følgje opp og forbetre kvaliteten på produkt og tenester.

Organisering

Studieplanen legg opp til nettbasert undervisning med samlingar, forelesingar, rettleiing, oppgåver og sjølvstudium. Emnet er på 15 studiepoeng, med ei berekna samla arbeidsmengd på 375 timar. Fagskolen Rogaland legg ut forelesingar som opptak.

Studiet er tilpassa deg som ønskjer å kombinera utdanning med jobb og familieliv i Ryfylke.

Opptakskrav

Opptak skjer gjennom Fagskolen Rogaland. Studieplanen opnar for søkjarar med fagbrev frå fleire fagområde, mellom anna bygg og anlegg, teknologi og industrifag, elektro, IT, service, naturbruk og helse og oppvekst. Du kan òg bli vurdert på grunnlag av tilsvarande realkompetanse. Les dei fullstendige opptakskrava i studieplanen.

Målet for utdanninga

Etter emnet skal du kunne planleggje og følgje opp kvalitetsarbeid, bruke relevante styringssystem, gjennomføre kvalitetsrevisjonar og foreslå tiltak når du finn avvik eller risiko. Du skal òg kunne dokumentere arbeidet og samarbeide med andre om kontinuerleg forbetring.

Praktisk informasjon

Studiepoeng: 15

Startdato: Våren 2027

Studieomfang: Studiet er lagt opp slik at det kan kombinerast med jobb.

Undervisningsstad: Nett – og samlingsbasert i Ryfylke.

Studentavgift: Ingen

Bevertningskostnad for 3 samlinger, ca. 450 kr.

 

Mer informasjon og påmelding kommer!

Kvalitetsstyring i arbeidslivet

God kvalitet handlar om meir enn å kontrollere det ferdige resultatet. Det handlar òg om tydelege rutinar, å oppdage avvik og å bruke erfaringar til å forbetre måten ein arbeider på.

Kunnskapen er relevant for verksemder i både privat og offentleg sektor.

 

Emner

Kvalitetsstyring er andre emne i eit større studium på totalt 60 studiepoeng. Dersom du ønskjer å studera vidare, kan du søkja på dei neste emna:

Emne 1: Grunnleggende prosjektledelse, 15 stp – høst 2026

Emne 2: Kvalitetsstyring, 15 stp – vår 2027

Emne 3: HMS, 15 stp – høst 2027

Emne 4: Prosjektoppgave & anvendt prosjektledelse, 15 stp

Studieplanen finn du her: Studieplan – prosjektledelse

Nyfiken?

Me prøver å halde nettsidene våre så oppdaterte som mogleg, men viss du likevel lurer på noko er du velkommen til å ta direkte kontakt med oss. Me er eit team på fire personar som arbeider med utdanning i Ryfylke, og vil hjelpe deg så godt me kan!

Ofte stilte spørsmål

  • Ryfylke utdanningssenter har kontorplass saman med Ryfylke IKS på Hjelmeland. Sjølve utdanningane har studiestad på ulike lokasjonar rundt om i regionen – sånn at det skal vere lett fordeg å ta utdanning.

  • Ja. Me tilbyr utdanning i samarbeid med arbeidslivet lokalt i Ryfylke for å dekke eit reelt behov for kompetanse. På den måten tilbyr me utdanning som er tilpassa arbeidsmarknaden i Ryfylke.

  • Våre tilbod passar for deg som treng kompetanseheving i ein eller annan forstand. Me har tilbod for deg som skal byrje på studielivet, men vel så viktig til deg som treng påfyll eller formalisering av kompetanse. Me er her for at Ryfylke skal vere ein plass å bu og arbeide – med rett kompetanse i botn.

  • Under utdanningssidene finn du informasjon om korleis du kan søke. Det varierer litt frå studie til studie, men hovudregelen er at du søker direkte hjå skulane. Me viser deg rett veg til søknaden!