Skip to main content

Utdanninger

Ei smilande kvinneleg helsepersonell i kvit frakk med stetoskop ser på ein dataskjerm.

Sykepleier – Desentralisert bachelor

Bachelor i sykepleie er ei praksisnær og desentralisert utdanning for deg som ønskjer å jobbe med menneske, helse og omsorg. Studiet kombinerer teori og praksis og gjev deg kompetanse til å jobbe som autorisert sjukepleiar – tett på lokalsamfunnet.

Read more
Ein mann med briller betener eit kontrollpanel ved sida av ein kvit robotarm på eit arbeidsbord.

Grønn logistikk og samhandling

Fagskuleutdanning i berekraftig logistikk og framtidas vareflyt. Grøn logistikk og samhandling er ei moderne og praktisk retta fagskuleutdanning for deg som ønskjer kompetanse innan logistikk, berekraft og digitalisering. Studiet gir kunnskap om korleis varer flyt i verdikjeder, korleis teknologi kan effektivisere prosessar, og korleis grøne løysingar kan bidra til meir miljøvennleg transport og produksjon. Studiet har samlingsbasert undervisning og reelle case frå bedrifter i regionen.

Read more
Oppdrettsanlegg i sjøen med fleire runde merdar, omgjevne av blått hav og fjelltoppar i bakgrunnen.

Blå åker – Desentralisert høgare utdanning i havbruk og akvakultur

Blå åker er ei praksisnær utdanning retta mot havbruksnæringa. Studiet gir brei kompetanse om akvakultur, teknologi, drift og berekraftig sjømatproduksjon.
Utdanninga blir gjennomført i samarbeid med Høgskulen på Vestlandet (HVL), og er bygd på Ryfylkemodellen — med fleksible samlingar og tett samarbeid med næringslivet i regionen.

Read more
Nærbilde av to hender som held ei handfull raude bær.

Entreprenørskap og grønt mangesysleri

Entreprenørskap og grønt mangesysleri er eit praksisnært og fleksibelt studium for deg som vil utvikle eigen verksemd eller skape nye moglegheiter i grøne næringar. Utdanninga kombinerer bedriftsutvikling, økonomi og marknadsføring, med arbeid på eigne prosjekt og samlingsbasert undervisning med sterk lokal forankring.

Read more
Innandørs oppdrettsanlegg med store kar fylte med vatn, røyr og utstyr.

RAS (Resirkulerande akvakultursystem)

Resirkulerande akvakultursystem (RAS) er ei moderne og praktisk retta fagskuleutdanning for deg som ønskjer kompetanse innan oppdrettsteknologi, vasskvalitet og miljøvenleg produksjon.
Studiet gir innsikt i korleis ein kan produsere fisk på ein trygg, effektiv og berekraftig måte gjennom avanserte resirkuleringssystem, der vatnet blir filtrert, reinsa og gjenbrukt.
Utdanninga er utvikla i samarbeid med næringslivet og byggjer på Ryfylkemodellen, med samlingsbasert undervisning og reelle case frå oppdretts- og teknologiaktørar i regionen.

Read more