Grunnleggande prosjektleiing er ei fagskuleutdanning som blir tilbydd i samarbeid mellom Fagskolen Rogaland og Ryfylke utdanningssenter, i tett dialog med regionalt næringsliv. Utdanninga er etablert for å møte eit aukande behov for kompetanse i prosjektleiing i både privat og offentleg sektor.

Ønskjer du å styrkja kompetansen din innan prosjektarbeid?
Hausten 2026 kan du ta enkeltemnet Grunnleggande prosjektleiing (15 studiepoeng) frå fagskuleutdanninga Prosjektleiing, kvalitetsstyring og HMS.

Studiet gir praktisk og oppdatert kunnskap om korleis ein planlegg, gjennomfører og følgjer opp prosjekt, uavhengig av bransje.

Studiet er ein del av satsinga på å tilby relevant og framtidsretta fagskuleutdanning regionalt i samarbeid med lokalt næringsliv.

Dette lærar du

I dette emnet får du kunnskap om:

  • planlegging og gjennomføring av prosjekt
  • bruk av prosjektverktøy og styringsmetodar
  • krav, regelverk og kvalitet i prosjektarbeid
  • verdiskaping gjennom prosjekt i organisasjonar

Organisering

Studiet er eit samarbeid mellom Fagskolen Rogaland og Ryfylke Utdanningssenter IKS.
Undervisninga er nett og samlingsbasert, og tilrettelagt for deg som bur i Ryfylke.

  • Teams-undervisning ein gong i veka
  • tre fysiske samlingar i Ryfylke
  • moglegheit for å sjå Teams-undervisninga i opptak

Studiet er tilpassa deg som ønskjer å kombinera utdanning med jobb og familieliv.

Opptaksrav

Opptak skjer gjennom Fagskolen Rogaland og krev:

    • relevant fagbrev eller vidaregåande opplæring

    • eller realkompetanse (relevant arbeidserfaring)

Les meir her: Informasjon om opptakskrav – Fagskolen Rogaland

Målet for utdanninga

Du skal:

  • styrkja kompetansen innan prosjektleiing
  • gi praksisnær og oppdatert kunnskap
  • utvikla evne til å planleggja, gjennomføra og følgja opp prosjekt
  • leggja til rette for betre gjennomføringsevne i verksemder
  • gi kompetanse som er relevant på tvers av bransjar
  • kvalifisera for roller innan prosjekt

Praktisk informasjon

Studiepoeng: 15

Startdato: Haust 2026

Studieomfang: Studiet er lagt opp slik at det kan kombinerast med jobb.

Undervisningsstad: Samlingsbasert i Ryfylke. I tillegg blir det nettundervisning ein kveld i veka.

Studentavgift: Ingen

Søknadsfrist: 1. juni 2026

Søk her

Fagskolen Rogaland

Studiet blir tilbydd av Fagskolen Rogaland, med Ryfylke utdanningssenter og lokal næring som lokal tilretteleggjar og samarbeidspartnar.

Prosjektleiing handlar om å planleggja, organisera og gjennomføra prosjekt på ein strukturert måte, og er dermed eit viktig verktøy i utviklinga av verksemder og organisasjonar. Endringstakten er høg i både offentleg sektor og næringsliv. Auka kompetanse innan prosjektleiing vil bidra til at verksemder står sterkare i møte med framtidas utfordringar.

Emner

Grunnleggande prosjektleiing er første emne i eit større studium på totalt 60 studiepoeng. Dersom du ønskjer å studera vidare, kan du søkja på dei neste emna:

  • Emne 1: Grunnleggande prosjektleiing, 15 stp – haust 2026
  • Emne 2: Kvalitetsstyring, 15 stp – vår 2027
  • Emne 3: HMS, 15 stp – haust 2027
  • Emne 4: Prosjektoppgåve og anvend prosjektleiing, 15 stp – vår 2028

Studieplanen finn du her: studieplan-prosjektledelse-kvalitetsstyring-og-hms_revidert_22012026.pdf

Trainee Ryfylke

Trainee Ryfylke er eit program som koplar nyutdanna med arbeids-givarar i regionen. Gjennom eitt år i ei relevant bedrift får traineen verdifull erfaring og nettverk. Samtidig får verksemder tilgang til ny kompetanse og moglegheita til å rekruttere.

Nyfiken?

Me prøver å halde nettsidene våre så oppdaterte som mogleg, men viss du likevel lurer på noko er du velkommen til å ta direkte kontakt med oss. Me er eit team på fire personar som arbeider med utdanning i Ryfylke, og vil hjelpe deg så godt me kan!

Ofte stilte spørsmål

  • Ryfylke utdanningssenter har kontorplass saman med Ryfylke IKS på Hjelmeland. Sjølve utdanningane har studiestad på ulike lokasjonar rundt om i regionen – sånn at det skal vere lett fordeg å ta utdanning.

  • Ja. Me tilbyr utdanning i samarbeid med arbeidslivet lokalt i Ryfylke for å dekke eit reelt behov for kompetanse. På den måten tilbyr me utdanning som er tilpassa arbeidsmarknaden i Ryfylke.

  • Våre tilbod passar for deg som treng kompetanseheving i ein eller annan forstand. Me har tilbod for deg som skal byrje på studielivet, men vel så viktig til deg som treng påfyll eller formalisering av kompetanse. Me er her for at Ryfylke skal vere ein plass å bu og arbeide – med rett kompetanse i botn.

  • Under utdanningssidene finn du informasjon om korleis du kan søke. Det varierer litt frå studie til studie, men hovudregelen er at du søker direkte hjå skulane. Me viser deg rett veg til søknaden!