5 studiepoeng · Planlagd oppstart hausten 2027

Lær å bruke Excel til å organisere, analysere og presentere data. Emnet passar for både nybyrjarar og deg som ønskjer å bli tryggare på verktøyet.

Dette lærer du

  • organisere arbeidsbøker, registrere og formatere data
  • importere data frå eksterne kjelder
  • bruke formlar, logiske funksjonar og datavalidering
  • analysere data med pivottabellar og trendanalysar
  • presentere resultat gjennom diagram

Målet for utdanninga

Målet er å gjere deg tryggare på å bruke Excel, frå innlegging av data til analysar og visuelle framstillingar.

Organisering

Undervisninga er nettbasert, og tilrettelagt for deg som bur i Ryfylke.

Det er førehandsinnspelte forelesingar og quizar. Innhaldet er delt inn i mindre bolkar og tilgjengeleg frå første dag.

Arbeidskrav og eksamen

Minst seks av ti quizar må vere godkjende før eksamen. Emnet har ein individuell heimeeksamen på tre timar, vurdert til bestått eller ikkje bestått.

Alle hjelpemiddel er tillatne. Samarbeid er ikkje tillate, og bruk av KI må opplysast om.

Opptakskrav

Opptak skjer gjennom UIS og krev: Generell studiekompetanse

Det er ikkje krav om forkunnskapar.

Praktisk informasjon

Studiepoeng: 5

Startdato: Hausten 2027

Studieomfang: Studiet er lagt opp slik at det kan kombinerast med jobb.

Undervisningsstad: Nettbasert

Studentavgift: Ingen

Søknadsfrist: våren 2027, påmeldingslenke kjem

Les meir om studiet

Les meir

Universitetet i Stavanger

UiS tilbyr eit nettbasert emne i grunnleggjande databehandling og analyse i Excel på 5 studiepoeng.

Har du spørsmål om emnet?
Ta kontakt med Sveinung Ravnås ved Ryfylke Utdanningssenter.
E-post: post@ryfylkeutdanningssenter.no

Eit studium utvikla for Ryfylke

Målet er å gjere det mogleg for fleire å styrkje kompetansen sin ved sidan av jobb, utan å måtte flytte frå regionen. Korleis studiet blir gjennomført, blir avklart i samarbeid med fagskulen og næringslivet.

Studieplanen kjem snart.

Nyfiken?

Me prøver å halde nettsidene våre så oppdaterte som mogleg, men viss du likevel lurer på noko er du velkommen til å ta direkte kontakt med oss. Me er eit team på fire personar som arbeider med utdanning i Ryfylke, og vil hjelpe deg så godt me kan!

Ofte stilte spørsmål

  • Ryfylke utdanningssenter har kontorplass saman med Ryfylke IKS på Hjelmeland. Sjølve utdanningane har studiestad på ulike lokasjonar rundt om i regionen – sånn at det skal vere lett fordeg å ta utdanning.

  • Ja. Me tilbyr utdanning i samarbeid med arbeidslivet lokalt i Ryfylke for å dekke eit reelt behov for kompetanse. På den måten tilbyr me utdanning som er tilpassa arbeidsmarknaden i Ryfylke.

  • Våre tilbod passar for deg som treng kompetanseheving i ein eller annan forstand. Me har tilbod for deg som skal byrje på studielivet, men vel så viktig til deg som treng påfyll eller formalisering av kompetanse. Me er her for at Ryfylke skal vere ein plass å bu og arbeide – med rett kompetanse i botn.

  • Under utdanningssidene finn du informasjon om korleis du kan søke. Det varierer litt frå studie til studie, men hovudregelen er at du søker direkte hjå skulane. Me viser deg rett veg til søknaden!