10 studiepoeng · Oppstart hausten 2027

Korleis skaper du god økonomi, motiverte medarbeidarar og ei tydeleg retning for verksemda? I LØM lærer du å sjå samanhengen mellom økonomiske avgjerder, leiing og marknadsarbeid. Du får kunnskap som kan brukast i den daglege drifta og i vidare utvikling av ei verksemd.

Studiet blir tilbode av Fagskolen Rogaland i samarbeid med Ryfylke utdanningssenter og er utarbeida etter behov frå næringslivet.

Dette lærer du

I dette emnet lærer du mellom anna å:

  • forstå rekneskap, utarbeide budsjett og vurdere lønsemd, prisar og investeringar
  • leie og motivere medarbeidarar og bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • kartleggje kompetansebehov og planleggje rekruttering
  • forstå kundar og marknader og tilpasse kommunikasjon til ulike målgrupper
  • utvikle mål, strategiar og handlingsplanar
  • bruke digitale verktøy og utarbeide relevante dokument for verksemda
  • sjå drifta i samanheng med berekraft og samfunnsansvar.

Organisering

Meir informasjon kjem.

Opptakskrav

Opptak skjer gjennom Fagskolen Rogaland på grunnlag av relevant fagbrev eller realkompetanse.
Ta kontakt med fagskulen dersom du er usikker på om bakgrunnen din kvalifiserer for opptak.

Les meir her: Informasjon om opptakskrav – Fagskolen Rogaland

Praktisk informasjon

Studiepoeng: 10

Startdato: Hausten 2027

Studieomfang: Studiet er lagt opp slik at det kan kombinerast med jobb.

Undervisningsstad: Samlings – og nettbasert i Ryfylke

Studentavgift: Ingen

Søknadsfrist: 

Våren 2027, meir informasjon kjem.

Søknadslenke til studie kjem på våre nettsider.

Fagskolen Rogaland

Fagskolen Rogaland tilbyr emnet. Ryfylke utdanningssenter samarbeider om å gjere tilbodet tilgjengeleg for studentar i regionen.

Søknadslenke til studie kjem på våre nettsider.

 

Eit studium utvikla for Ryfylke

Behovet for teknisk fagskule er løfta fram av næringslivet i Ryfylke.

Målet er å gjere det mogleg for fleire å styrkje kompetansen sin ved sidan av jobb, utan å måtte flytte frå regionen.

Studieplanen kjem snart.

Nyfiken?

Me prøver å halde nettsidene våre så oppdaterte som mogleg, men viss du likevel lurer på noko er du velkommen til å ta direkte kontakt med oss. Me er eit team på fire personar som arbeider med utdanning i Ryfylke, og vil hjelpe deg så godt me kan!

Ofte stilte spørsmål

  • Ryfylke utdanningssenter har kontorplass saman med Ryfylke IKS på Hjelmeland. Sjølve utdanningane har studiestad på ulike lokasjonar rundt om i regionen – sånn at det skal vere lett fordeg å ta utdanning.

  • Ja. Me tilbyr utdanning i samarbeid med arbeidslivet lokalt i Ryfylke for å dekke eit reelt behov for kompetanse. På den måten tilbyr me utdanning som er tilpassa arbeidsmarknaden i Ryfylke.

  • Våre tilbod passar for deg som treng kompetanseheving i ein eller annan forstand. Me har tilbod for deg som skal byrje på studielivet, men vel så viktig til deg som treng påfyll eller formalisering av kompetanse. Me er her for at Ryfylke skal vere ein plass å bu og arbeide – med rett kompetanse i botn.

  • Under utdanningssidene finn du informasjon om korleis du kan søke. Det varierer litt frå studie til studie, men hovudregelen er at du søker direkte hjå skulane. Me viser deg rett veg til søknaden!