Er du interessert i å styrkje kompetansen din innan prosjektarbeid? Grunnleggjande prosjektleiing er eit enkeltemne på 15 studiepoeng med oppstart hausten 2026. Emnet gir praktisk og oppdatert kunnskap om planlegging og gjennomføring av prosjekt, prosjektverktøy og styringsmetodar, krav og kvalitet i prosjektarbeid samt verdiskaping i organisasjonar. Studiet er nett og samlingsbasert, tilrettelagt for deg som bur i Ryfylke.
Bachelor i sykepleie er ei praksisnær og desentralisert utdanning for deg som ønskjer å jobbe med menneske, helse og omsorg. Studiet kombinerer teori og praksis og gjev deg kompetanse til å jobbe som autorisert sjukepleiar – tett på lokalsamfunnet.
Fagskuleutdanning i berekraftig logistikk og framtidas vareflyt.
Grøn logistikk og samhandling er ei moderne og praktisk retta fagskuleutdanning for deg som ønskjer kompetanse innan logistikk, berekraft og digitalisering.
Studiet gir kunnskap om korleis varer flyt i verdikjeder, korleis teknologi kan effektivisere prosessar, og korleis grøne løysingar kan bidra til meir miljøvennleg transport og produksjon.
Studiet har samlingsbasert undervisning og reelle case frå bedrifter i regionen.
Emnet gir deg kunnskap om digitalisering og digital transformasjon i havbruksnæringen. Du lærer hvordan bruk av data og digitale løsninger kan bidra til bedre produksjonsprosesser, reduserte kostnader, økt lønnsomhet, bærekraft og bedre fiskevelferd.
Studiet retter seg særlig mot yrkesaktive i havbruksnæringen og har et tydelig fokus på hvordan digitalisering påvirker arbeidsprosesser, organisering, ansatte og ledere. Gjennom forelesninger, erfaringsdeling, gruppearbeid og prosjektarbeid lærer du å analysere digitaliseringsprosesser og bidra til utviklingsprosjekter på egen arbeidsplass.
Emnet gir 15 studiepoeng og krever ingen formelle forkunnskaper.
Resirkulerande akvakultursystem (RAS) er ei moderne og praktisk retta fagskuleutdanning for deg som ønskjer kompetanse innan oppdrettsteknologi, vasskvalitet og miljøvenleg produksjon. Studiet gir innsikt i korleis ein kan produsere fisk på ein trygg, effektiv og berekraftig måte gjennom avanserte resirkuleringssystem, der vatnet blir filtrert, reinsa og gjenbrukt. Utdanninga er utvikla i samarbeid med næringslivet og byggjer på Ryfylkemodellen, med samlingsbasert undervisning og reelle case frå oppdretts- og teknologiaktørar i regionen.